Kunstbilde

Eilif Peterssen (1852-1928)
Kullstift på papir oppklebet på kartong, 49 x 39,3 cm, Nasjonalmuséet, Oslo

Studie for illustrasjon til Snorres kongesagaer.

Den triste begivenhet som her er skildret, skal ha funnet sted i Bergen den 18. januar 1135. Den er omtalt i Soga om Magnus Blinde og Harald Gille (8) i Steinar Schjøtts (1844-1920) nynorske umsetjing frå 1900:

Etterpaa dette hadde kong Harald eit møte med raadgjevarane sine og bad deim raadleggja med seg, og paa slutten av dette møte vart de avgjort, at dei skulde skilja Magnus ved styringi, slik at han aldri meir kunde kallast konge fraa den dag. Dei flidde han til trælane aat kongen, og dei skamførde han, stakk ut augo hans og hogg av han den eine foten og skamførde han endaa verre. Ivar Ossursson vart blinda, og Haakon Fauk vart drepin. Etter dette gav heile lande seg under kong Harald. No leita dei mykje etter og, kven som hadde vori dei beste venine til kong Magnus, eller kven som kjende best til skatte-gøymslune og eignalutine hans. Kong Magnus hadde havt med seg den heilage krossen, sidan slage stod paa Fyrileiv, og han vilde ikkje segja kor de hadde vorti av han. Bisp Reinald i Stavanger var engelsmann og kjend for aa vera pengekjær; han var ein kjær ven til kong Magnus, og folk totte de var rimelegt, at han var sett til aa forvara store skattar og eignalutir. Dei sende bod paa han, og daa han kom til Bjørgvin, skulda dei han for dette, men han negta og baud skirsl for seg. Kong Harald vilde ikkje de, men paalagde bispen aa betala seg 15 merkar gull. Bispen sagde at han vilde ikkje arma ut bispesæte sitt soleis og vilde heller vaaga live. Daa hengde dei bispen Reinald ut-paa Holmen attmed valslyngja. Men daa han gjekk til galgen, riste han styvilen av foten sin og sagde og svor paa de: «Eg veit ikkje um meir av skattane til kong Magnus enn de som er der i styvilen;» i den var de ein gullring. Bispen Reinald vart jorda paa Nordnes i Mikjaalskyrkja, og dette verke vart mykje lasta. Sidan var Harald aaleine konge yvi Norig, so lengi han livde.

Skamførde han (kong Magnua) endaa verre er umsetjarens skalikkesidet for kastrering.  Med skirsl menes gudsdom, og val-slynge betegner en katapult, datidens tunge artilleri.

Læs også

Læs også