Gerhard Munthe (1849-1929)
Penn på papir, 11,6 x 17,9 cm, Nasjonalmuséet, Oslo.
Snorres kongesagaer ble utgitt 1900 av J. M. Stenersen & Cos forlag i Kristiania, med illustrasjoner av norske kunstnere, deriblant Gerhard Munthe, som også var ansvarlig for initialer, vignetter og utformingen av selve boken. Dette skulle bli Gerhard Munthes aller best kjente verk. Snorre ble utgitt på både riksmål og landsmål, slik det den gang het, ved henholdsvis Gustav Storm (1845-1903) og Steinar Schjøtt (1844-1920).
Illustrasjonen er hentet fra Soga om Magnussønene, 10-11, her i Schjøtts nynorske versjon:
10. Um sumaren siglde kong Sigurd yvi Grækarlands-have til Jorsalaland, og so fór han upp til Jorsala-borg og fann der jorsalakongen Baldvine. Kong Baldvine tok ovende godt mot kong Sigurd og reid med han ut til aai Jordan og attende til Jorsalaborg. Dette fortèl Einar Skuleson. Kong Sigurd tøvra lengi i Jorsalaland um hausten og fyrstningi av vetteren.
11. Kong Baldvine gjorde eit fagert gjestebod for kong Sigurd og mange av mennane hans. Daa gav kong Baldvine kong Sigurd mange heilagdomar, og kong Baldvine og patriarken baud at dei skulde taka ein spon av den heilage krossen, og baae tvo svor paa heilagdomar, at dette tree var av den heilage krossen, som Gud sjølv var pint paa. Sidan gav dei denne heilagdomen til kong Sigurd, paa de vilkaare, at han og 12 andre menn med honom svor at han skulde fremda kristindomen av all si magt og reisa ein erkebispe-stol i lande, um han kunde, og at krossen skulde vera der som den heilage kong Olav kvilde, og at han skulde innføra tiend, og leggja tiend sjølv og. Kong Sigurd fór sidan til skipi sine i Akersborg, og daa budde kong Baldvine og heren sin til aa fara til Syrland mot ei heidi borg, som heiter Sætt. Kong Sigurd fylgde med han paa denne ferdi. Kongane hadde ikkje seti lengi um borgi, fyrr heidningane gav seg, og kongane eigna til seg borgi, men hermennane tok de andre herfange. Kong Sigurd gav kong Baldvine heile borgi. Dette fortèl Halldor Skvaldre og Einar Skuleson. Dermed fór kong Sigurd til skipi sine og laga seg til avferd fraa Jorsalaland. Dei siglde nord til ei øy som heiter Kipr, og der tøvra kong Sigurd ei stund; sidan fór han til Grækarland og lagde seg med heile floten ute ved Engelsnes og laag der ein halv maanad, endaa de kvar dag var blaasande bør nordetter; men han vilde bida paa sidevind, so dei kunde snu segli endelangs etter skipe; for alle segli hans var prydde med pell baade paa den sida som snudde fram og den som snudde bak, daa korkje dei som var framme eller atter paa skipe vilde sjaa styggesida.
Sigurd Jorsalfare (1090-1130) var fra 1103 norsk konge sammen med sine brødre Olav og Øystein. Fra 1123 var han enekonge. Han var på korstog i årene 1108–11, og besøkte både Jorsalaland og Miklagard (Konstantinopel). I Jorsalaborg (Jerusalem) møtte han kong Baldvine, Baldwin (Baudouin) den første (c.1160 -1118), konge 1100-18, som (muligens noe fantasifullt) fremstilt av Gerhard Munthe.