Kunstbilde

Erik Werenskiold (1855-1938).
Penn på papir, 16,3 x 21,6 cm, Nasjonalmuséet, Oslo.

I følge tradisjonen er det Harald Hårfagres sønn Bjørn Farmann (død c.930) som er gravlagt i Farmannshaugen i Sæheim/Sem ved Tønsberg – men hittil har man ikke funnet noen grav i haugen, som visstnok ikke er fullstendig utgravd.

Haugen er imidlertid omtalt av Snorre i Soga um Harald Haarfagre, avsnitt 36, her gjengitt etter Steinar Schjøtts (1844-1920) nynorske umsetjing fra 1900.

Bjørn, son til kong Harald, raadde daa for Vestfold og sat oftast i Tunsberg og var ikkje mykje paa viking. Til Tunsberg søkte mange kaupskip, baade rundt umkring fraa Viki og nordantil lande og sunnantil fraa Danmark og Saksland. Kong Bjørn hadde kaupskip i fart paa andre land, og fekk seg ved dette eignalutir og andre ting som han totta han hadde bruk for. Brørane hans kalla han Bjørn farmann eller kaupmann. Bjørn var ein klok og stillfærleg mann, og dei heldt han for aa vera godt laga til aa vera hovding. Han fekk eit godt og høvelegt gifte, og fekk ein son, som heitte Gudrød. Eirik Blodøks kom fraa Austerveg med herskip og mykje folk. Han bad Bjørn, bror sin, um at han maatte faa den skatt og skyld som kong Harald hadde rett til paa Vestfold; men fyrr hadde de vori skikk, at Bjørn sjølv førde skatten til kongen eller sende folk med han; soleis vilde han de skulde vera no og, og vilde ikkje ut med han. Men Eirik totte han turvte kost og tjeld og drikke. Brørane trætta og hadde eit stridt ordkast um dette; men Eirik fekk ingin-ting likevel, og fór ut or byen. Bjørn fór og ut or byen um kvelden og upp til Sæheim. Eirik snudde attende og fór upp um natti til Sæheim etter Bjørn, og kom der nett daa dei sat i drykkjelag. Eirik kringsette huse, og Bjørn og mennane hans gjekk ut og slost; der fall Bjørn og mykje folk med han; Eirik tok mykje herfang der, og sidan fór han nord i lande. Dette verke lika vikverjane fælt ille, og dei var hatige paa Eirik der; de orde gjekk, at kong Olav vilde hemna Bjørn, bror sin, um de kunde laga seg so vel. Kong Bjørn ligg i Farmannshaugen paa Sæheim.