Foto: Jonas Haugsvold
— Sidan saag ho
i Haug, paa Voll,
baade Nisse og Nøkk,
baade Draug og Troll
og Gasten med Haari lange.Tidt mullande gjekk ho
med myrke Ord
og skræmde stundom
si eigi Mor;
dei sa ho vanta paa Vìte.I Lyngmarki nord
millom Haugar tri,
der gjekk ho gjætte
si meste Tid.
Og Haugtussa vart ho heitand’.
Frå Haugtussa (1895) av Arne Garborg (1851-1920)